Store idrettsmeisterskap fører ofte til at det vert investert i nye tv-ar. Mange følgjer no med på prestasjonane til dei norske utøvarane i Sotsji med nytt utstyr i stova.

– Salet har eksplodert. Tv-salet i desember og januar er normalt høgt, men no har det ikkje stoppa. I staden for at det har vorte rolegare så har pila peika oppover. Det er tydeleg at folk vil bruke litt pengar for å kose seg i godstolen med OL, seier butikksjef Thomas Holte ved Lefdal.

Ved Elkjøp i Hovdebygda er også salstala for tv-ar gode, men dei har ikkje sett ein tendens til at OL har trigga tv-salet.

Stabilt høgt sal

– Tv-salet har vore stabilt høgt sidan før jul. Salet har vore ekstremt høgt sidan romjulskampanjen, og sidan OL kom så tett inn mot nyttår så ligg vi framleis og leverer frå det. Salet er unormalt høgt for årstida, men det vore veldig høgt i heile perioden, seier butikksjef Remy Kongsvoll.

– Kan OL vere ein faktor i at salet held seg oppe?

– Truleg, men det er vanskeleg å seie. Salet har vore veldig høgt, men der ikkje nokon stor auke i samband med OL.

Mest store tv-ar

Teknologien innan tv-ar utviklar seg stadig. Smart tv-ar er noko m.a. som er etterspurt, men kriteria til kundane er ulike.

– Kriteria for ein stor tv har endra seg, og no er 55 tommar den nye folkemodellen. Folk er beviste på kvalitet, og særleg når det gjeld sport så er det viktig å ha ein tv som leverer eit godt, presist og kjapt bilete. Når det gjeld smart tv-ar så er det nokon som spør etter tv-ar som m.a. støttar TV2 Sumo, seier Holte.

– Det går mykje store tv-ar, og lite små. Folk kjøper eigentleg alle segment, og det er ikkje berre billege tv-ar. Når dei først kjøper tv så kjøper dei ein skikkeleg tv. For 2–3 år sidan så virka det som ein måtte ha ein ny tv uansett kva det var for noko, men no skal det vere ein skikkeleg tv, seier Kongsvoll.

Erfaringane til Lefdal og Elkjøp viser at det er folk i alle aldrar som investerer i ny tv, og ofte er heile familien er med på avgjerda.

– Så tv-en er framleis viktig for folk?

– Det er rett og slett eit viktig møbel, seier Holte.