Dagleg leiar, Trude Flø Johnsen, står barføtt på ei vekt og held i to handtak. Lågfrekvent straum går gjennom kroppen hennar og måler henne frå topp til tå. Sjølv merkar ho ingenting.

– Vev har ulik motstand, så denne maskina skil feittvev, muskelvev, beinvev og væske frå kvarandre, fortel ho.

Etterspurt

Bakgrunnen for den nye investeringa var eit ønske om å lettare kunne sjå framgang på kundane som ho er personleg trenar for, men tanken har vekse seg større, og no vil ho inkludere alle.

– For dei som nyleg har starta å trene er det gjerne stort fokus på å gå ned i vekt, men vekta er ikkje alltid like medgjerleg, så denne maskina kan vise at det skjer ting inne i kroppen, sjølv om vekta kanskje står stille ein periode.

Nyvinninga kom til Topp Trening for to veker sidan, og dei tre tilsette som kan handtere maskina har allereie til saman gjort over 120 målingar.

– Eg veit om folk som har reist både til Oslo og til Ålesund for å få gjort slike målingar, så vi er veldig glade for å ha fått på plass eit lokalt tilbod, seier Johnsen.

For alle

Maskina kan seie noko om korleis feitt og musklar er fordelt rundt om i kroppen. Har ein person for mykje feitt rundt indre organ, vil maskina seie klart frå om dette. Etter ein treningsperiode kan personen måle seg igjen for å sjå om der er framgang.

– Eg trur at slike målingar kan gjere noko med motivasjonen til folk. Når dei får sjå at trening fungerer vil dei kanskje få meir motivasjon til å halde oppe treningsgleda.

Johnsen fortel at det er mange liknande produkt å få tak i også i vanlege elektrobutikkar, men at deira maskin er av høg standard, er medisinsk godkjent og 96 prosent nøyaktig.

– Det ligg 15 år med forsking bak denne, seier ho.

Alle som vil kan bestille seg time for måling, og det er ikkje nødvendig å vere kunde hos Topp Trening for å få teste ut maskina. Dei einaste som ikkje får trakke på vekta er dei som har fått operert inn pacemaker.