15 av elevane går i dag på nye Dalsfjord skule, og tre er overført frå Vanylven. Elevane som vert flytta frå Dalsfjord skule fordeler seg på klassetrinna med ein førsteklassing, fire andreklassingar, to tredjeklassingar, to fjerdeklassingar, fire femteklassingar, og to sjuandeklassingar.

Vil selje skulebygget

Frå før har Volda kommune gitt avslag til privatskulen om leige av skulebygget på Ulvestad. Det har stått tomt sidan nyttår, då elevane vart overført til Dalsfjord skule. I avslaget på søknaden viser kommunen til at dei skal selje bygg som dei ikkje treng. Når det gjeld skulen på Ulvestad er Volda kommune inne i ein forhandlingsprosess med grendehuset som held til i same bygningsmasse som skulen.

– Styret i Ulvestad barneskule AS kan ikkje på nokon måte sjå at den pågåande forhandlingsprosessen er til hinder for å gi Vesttun disposisjonsrett slik at privatskulen er sikra oppstart i skuledelen av bygget frå hausten 2013. Sett frå vår ståstad er dette berre eit spørsmål om administrativ og politisk vilje til å få det til. Vi må få lov til å seie at administrasjonen og einskilde politikarar burde vise seg noko meir løysingsorienterte i denne saka, melder styreleiar Bjørn Breivik til kommunen.