– Eg fekk telefon om at politiet hadde funne bilen og den skyldige var teken før eg visste at bilen var vekk, seier disponenten som ynskjer å vere anonym.
Skubbing
Bilen vart funnen ved Kiwi i Vikebygdvegen. Føraren, ei kvinne i tenåra, hadde ikkje førarkort og politiet mistenker at ho var rusa.
– Ho har ikkje fått start på bilen då den har startsperre, og truleg har ho skubba bilen heile strekninga.
– På biltur i rus, utan førarkort og med stolen bil
Distansen frå Idrettsbygget til Kiwi er i underkant av 1.000 meter. Frå bilen vart det stole ein treningsbag med skitne kle og ein behaldar med olje, men dette har kome til rette.
– Eg tykkjer innsatsen til politiet var svært bra. Dei ringde og fekk tak i meg før eg visste at bilen var vekk. Eg er imponert.