60 prosent av dei 800 spurte seier at dei er for at Volda slår seg saman med ein eller fleire kommunar i spørjeundersøkinga Opinion har gjennomført på oppdrag frå Volda, Hornindal og Stryn kommunar. 27 prosent er mot samanslåing.

Det er jamnt mellom alternativa Volda/Stryn/Hornindal og Volda/Hornindal i undersøkinga.

45 prosent i Volda svarer at dei føretrekker ei samanslåing av Stryn, Volda og Hornindal. 40 prosent føretrekker ei samanslåing av berre Volda og Hornindal. 14 prosent svarer "veit ikkje/anna".

Desse tala inkluderer både dei som er for og dei som er mot samanslåing. Fleirtalet av dei som er mot samanslåing svarer at dei heller vil slå saman Hornindal og Volda enn å ta med Stryn også i fusjonen.

Alternativet med Stryn, Hornindal og Volda verkar likevel å vere daudt etter at Stryn sa nei til samanslåing med Volda både i folkerøystinga og innbyggaundersøkinga.

Nei til Volda i Stryn

I Stryn svarer 60 prosent av dei spurte i innbyggarundersøkinga at dei er for ei samanslåing med ein eller fleire kommunar. 28 prosent er mot.

Likevel er ikkje Volda-alternativet populært her. 70 prosent føretrekker ei samanslåing med berre Hornindal, medan 27 prosent helst vil ha med Volda også.

Det er også gjennomført folkerøysting i Stryn. Denne viser eit endå klarare nei til samanslåing med Volda.

Hornindal med nøkkelen

I Hornindal er heile 73 prosent for ei samanslåing, og 20 prosent er mot.

71 prosent av dei spurte i Hornindal føretrekker ei samanslåing med både Volda og Stryn. 26 prosent vill ha samanslåing med berre Stryn.

Honndølene er også spurte om kva retning dei føretrekker dersom dei må velje mellom Stryn og Volda: samanslåing nordover (med Volda) eller sørover (med Stryn). Her er dei spurte delte på midten. 45 prosent vil sørover og 45 prosent vil nordover. 12 prosent seier veit ikkje/anna.

Dette spørsmålet ser ut til å bli viktig, særleg etter at det vart klart at Stryn seier nei til ei samanslåing som inkluderer både Volda og Hornindal.

Dermed sit Hornindal med nøkkelen, og må truleg velje om dei vil slå seg saman med Volda eller Stryn.

Heilt jamnt mellom Ørsta og Stryn/Hornindal

Opinion har også spurt om kva voldingane føretrekker dersom Volda skulle bli tvangssamanslått med ein eller fleire kommunar. Her er også samanslåing med Ørsta teke med som svalalternativ.

35 prosent vil då helst ha samanslåing med Stryn og Hornindal, medan 35 prosent vil ha samanslåing med Ørsta. 24 prosent føretrekker ei samanslåing med berre Hornindal.

Som kjent sa eit stort fleirtal i Volda nei til samanslåing med Ørsta i folkerøystinga 19. mai.

Fleirtalet er opptekne av samanslåing

Opinion har også spurt om folk er opptekne av spørsmålet om kommunesamanslåing. 57 prosent svarer at dei i ganske stor eller svært stor grad er opptekne av spørsmålet. Resultatet på dette spørsmålet sprikar ikkje mykje mellom kommunane, men honndølene er mest opptekne av kommunsamanslåing.

Feilmarginane i undersøkingane er 1,4-3,3 prosentpoeng for Volda og Stryn, og 2,8-6,3 prosentpoeng for Hornindal.

Sjå oversikt over resultata her