Fylkestinget vedtok dette i samband med handsaminga av forslaget til rullering av Norsk Transportplan.

Dette vart eit kompromissvedtak etter at fylkesutvalet avviste at Ørsta og Volda skulle vere med på bypakkeordninga. Fylkesutvalet viste til at bypakkeordninga er for storbyar, og ville berre ha med Ålesund, Kristiansund og Molde i ordninga.

Då vart det før handsaminga i fylkestinget formulert eit forslag til vedtak som også tok vare på interessene til tettstader og småbyar.

– Eg formulerte eit forslag til vedtak i samråd med fylkesordførar Jon Aasen, og fekk med Høgre, Ap, Sunnmørslista og Senterpartiet til å fremje forslaget. Då var fleirtalet sikra, men alle partia vart med på vedtaket, seier fylkestingsmedlem Petter Bjørdal (Ap) frå Ørsta.

I vedtaket heiter det at det i NTP skal setjast av planmidlar til tettstader og småbyar slik at desse kan starte prosessen med å få løyst sine trafikale utfordringar.

– Godt vedtak

– Eg meiner dette er eit godt vedtak, og det er så langt vi kunne greie å kome. Den såkalla bypakkeformuleringa i NTP er meint for storbyar. Det vert i forslaget frå fagetatane peika på dei fire største byområda i Noreg, og så er det nemnt i planforslaget at andre mindre byar, der Ålesund er einaste namngjevne i vårt fylke, også har utfordringar. Då skjønar eg at det vil vere vanskeleg å kome med forslag om mindre tettstader i denne ordninga, seier Bjørdal.

Han meiner vedtaket fylkestinget gjorde er godt for Ørsta og Volda.

– Ørsta og Volda har kome lengst, og er klare til å starte ein planprosess. Vi har kommunestyrevedtak frå begge kommunane på at vi vil vere med i ei ordning der vi kan få løyst trafikkutfordringane i sentrumsområda. Eg kan ikkje sjå at der er hindringar i vegen no for at vi kan få planmidlar til å kome vidare med prosessen, seier Bjørdal.

Kommunestyra i Ørsta og Volda ynskjer med prosessen å få fortgang i realiseringa av Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga, og der det er uttrykt vilje lokalt til å vere med på ei bompengeordning i tillegg til bruk av statlege middel.

Ikkje Fefast

Fylkestinget handsama tysdag også forslaget til ein regional transportplan, og der gjekk fylkestinget mot fire røyster inn for å sløyfe Fefast, altså fastlandssamband frå Festøya til Solavågen, frå vidare utgreiingsarbeid.

Fleirtalet vil verre satse på Hareid Fastlandssamband (Hafast). Det var Hans-Olav Myklebust (Frp), Ingrid Opedal (SV), Petter Bjørdal (Ap) og Torleiv Rogne (Sunnmørslista) som røysta for at Fefast også skulle utgreiast vidare.

– Eg ser ikkje så alvorleg på denne saka. Regional transportplan var meint å vere eit tilleggsdokument til fagetatane sitt forslag til Norsk Transportplan. Fagetatane sitt forslag har kome før den regionale transportplanen er ferdig handsama, seier Bjørdal.

– Eg er godt nøgd med at fylkestinget støttar ein tettstadpakke for Ørsta og Volda, seier fylkestingsmedlem Petter Bjørdal.