Rundt klokka fem natt til søndag fekk politiet melding frå eit driftsselskap i Selvikberget i Volda kommune om innbrot/tjuveri og skadeverk. To vindauge i en firmabil var knust, innbrot i ein container, stolne nøklar, stolne walkietalkie og ladder samt eit tennapparat av merket Nonell. Innbrotet har skjedd i løpet av natta. Politiet er interessert i tips.

Støy i Ørsta sentrum

04.30, Volda. Melding om at en framand mann hadde lagt seg til å sove i en open bil i Volda sentrum. Politiet hadde ikkje kapasitet til å sjå på forholdet.

04.35, Ørsta. Melding frå Shell Ørsta og svært høy musikk frå parkerte biler på stasjonsområdet. Noen av bilane hadde montert høgtalarar på taket. Forholdet var klaga på av sinte naboar. Ikkje kapasitet til å sjå på forholdet.

Politiet hadde ein travel natt til søndag med mange hendingar i Ulsteinvik.