Dalegjerdet kraftverk på Standal i Ørsta er sett i prøvedrift, og den første produksjonen frå kraftverket kom på nettet onsdag kveld. Dalegjerdet er Tussa sitt 18. kraftverk, melder tussa.no.

Testinga av kraftverket starta tysdag 19. juni, der både generator og turbin kom opp i full omdreining. Onsdag ettermiddag var kabelarbeidet ferdig, og straumnettet klart for å ta i mot Dalegjerdet-straumen.

Postitiv prosjektleiar

Prosjektleiar Øyvind Eidså var på førehand positiv med tanke på dei nyleg igangsette krafta på Viddal og Standal, som også er i prøvedrift.

- Der har vi hatt svært gode erfaringar, og det er all grunn til å tru at også denne prøvedrifta skal gå greitt.

Steller til terrenget

Onsdag kveld kom den første produksjonen frå Dalegjerdet kraftverk på nettet, og kraftverket har no blitt testa på full last.  Tussa vil framover sommaren og hausten prioritere å stelle til terrenget rundt kraftverket.

4 nye kraftverk i 2012

Med Dalegjerdet kraftverk er tre av dei fire nye kraftverka Tussa byggjer i år sett i drift. Viddal kraftverk blei sett i prøvedrift 18. april og Standal kraftverk kom på nettet 15. mai. No gjenstår Draura kraftverk på Viddal.