Det er ikkje lenger like stas med sauer og kyr. Tal frå Statens Landbruksforvaltning viser at mengda husdyrbønder har gått kraftig tilbake i Ørsta dei seinare åra. Fersk statistikk frå 2011 er no ute, og tendensen fortset.
Det blir stadig færre gardar med dyrehald. Det gjeld heile Noreg, og det gjeld Ørsta kommune. Berre i løpet av dei siste ti åra har mengda dyreprodusentar gått tilbake med heile 32 prosent i Noreg. I Ørsta kommune har nedgangen vore på heile 46 prosent. For Volda kommune sin del ser vi at nedgangen har vore på so mykje som 52 prosent sidan 2002.
Søkjer om tilskot
Det er søknader om produksjonstilskot frå Statens Landbruksforvaltning (SLF) som viser kor mange bønder som driv med dyr. Tala blir presenterte årleg av Statistisk sentralbyrå.
Per 1. januar 2012 var det 165 bedrifter som dreiv med husdyrproduksjon i Ørsta kommune. Dette er då fylkets nest største husdyrkommune. I Volda kommune var det 89 dyrebønder att.
Fråfall kvart år
I gjennomsnitt har 14 husdyrbønder lagt ned bedrifta si i Ørsta kvart einaste år dei siste ti åra. Tilbake i 2002 var det 303 bedrifter som dreiv med husdyrproduksjon i Ørsta kommune, mens det no altså er 138 færre.
Tilsvarande for Volda kommune er gjennomsnittleg ti nedleggingar per år sidan 2002. Det har dermed blitt 95 færre husdyrbønder i Volda dei siste ti åra.
Fleire dyr per bruk
Sjølv om mengda husdyrbønder går kraftig tilbake, så betyr ikkje det nødvendigvis at det blir færre dyr. Men populasjonen blir meir konsentrert. Tendensen dei seinare åra har nemleg vore at dei bøndene som vel å fortsetje, dei har fleire dyr på garden. Ved hjelp av nyare teknologi er det no mindre arbeid per dyr.
Dårleg lønnsemd, rekrutteringsproblem, ønske om meir ferie og fritid, og problem med å skaffe til vege midlar for nødvendige oppgraderingar er blant årsakene til fråfallet blant alle dei som ikkje ønskjer å satse stort.
Størst på dyr
Det er Hå kommune på Jæren i Rogaland som er den store husdyrkommunen i Noreg. Her var det 458 bønder som søkte om tilskot til drift av husdyrproduksjon i fjor. Det er ni færre enn året før. Deretter følgjer Ringsaker i Hedmark med 421 produsentar, og Vindafjord i Rogaland med 395.
Husdyrbønder i Møre og Romsdal
Den største husdyrkommunen i Møre og Romsdal, før Ørsta, er Fræna, som i fjor hadde inne 173 søknader om produksjonstilskot.
Mengda husdyrprodusentar i Møre og Romsdal har gått ned med tre prosent i løpet av dei siste tolv månadene. I reelle tal utgjer det ein nedgang på 74 dyrebønder. Totalt blir det no talt 2.373 bønder med husdyrproduksjon i Møre og Romsdal. Nedgangen dei siste ti åra er på 39 prosent i Møre og Romsdal.
Nedgang over alt
Alle fylke i Noreg hadde nedgang i mengda husdyrprodusentar i fjor. I Østfold var nedgangen størst, då det her var ein tilbakegang på 7,5 prosent. Den største reelle tilbakegangen fann stad i Sogn og Fjordane, der det har blitt 94 færre gardar med husdyr i løpet av det siste året.
Det er Rogaland som har klart flest husdyrprodusentar i dette landet, med 4.228 bedrifter. Det er nesten tusen meir enn Oppland på andreplass.
Siste år i Ørsta
Den årlege statistikken frå SSB og SLF viser at det i heile Noreg finst 30.387 husdyrbønder no. Dette er 803 færre enn for berre eitt år sidan. Nedgangen utgjer 2,6 prosent. For ti år sidan var det nesten 45.000 bedrifter med husdyrproduksjon.
Nedgangen har også framleis i Ørsta kommune. Berre i løpet av 2011 var det ytterlegare seks husdyrbønder som la ned dette arbeidet.
Yngve Johnsen