Grasrotandelen er eit viktig tilskot for det frivillige organisasjonslivet i Noreg. Frå januar til og med april i år har det på landsbasis blitt sett nye rekordar. Totalt 206,6 millionar kroner har blitt utbetalt til organisasjonane frå Norsk Tipping. På same tid i fjor var beløpet på 147,9 millionar kroner.

– Dette er heilt fantastiske tal – at vi skulle kome over 200 millionar var noko vi drøymde om, og at vi kom over det med 6,6 millionar kroner er heilt utruleg, seier fagansvarleg for Grasrotandelen i Norsk Tipping, Anne Helseth.

Lokalt er det mange givarar til organisasjonslivet. Fram til og med april hadde dei registrerte organisasjonane i Ørsta fått utbetalt totalt 401.217 kroner. I Volda var summen på 235.973 kroner.

Røde Kors på topp

Ørsta Røde Kors toppar utbetalingsstatistikken i Ørsta. Dei har heile 476 grasrotgjevarar og fekk utbetalt 68.590 kroner. Idrettslaga Ligg også i toppen. Ørsta IL fekk utbetalt 37.303 kroner. Vartdal Turn og Idrettslag var ikkje langt bak med 36.218 kroner. Hovdebygda IL fekk utbetalt 33.265 kroner, og Sæbø Idrettslag 31.665. Generasjonskorpset på Vartdal har mange som vil støtte dei og fekk ein grasrotdel på 14.215 kroner. Åmdal idrettslag fekk ein samla grasrotdel på 13.754 kroner. Volda og Ørsta ballettskule har 67 givarar og fekk utbetalt 12.042 kroner.

Idretten på topp

I Volda er det idretten som ligg på topp på grasrotdelen. Volda Turn og Idrettslag Fotball hadde 239 grasrotgivarar i løpet av dei første fire månadane av året, og fekk ei utbetaling på 34.177 kroner. Volda handballklubb har 144 givarar og fekk ei utbetaling på 20.251 kroner. Volda Røde Kors fekk 17.166 frå totalt 175 grasrotgivarar.

Volda golfklubb har mange støttespelarar og fekk ei utbetaling på 14.754 kroner. Hjartåbygda skyttarlag hadde 45 grasrotgivarar og ei utbetaling på 9.549 kroner. Mork Idrettslag fekk 9.044 kroner i grasrotdel. Folkestad Idrettslag fekk 8.705 kroner og Volda skulekorps fekk 8.187 kroner.

Landsbasis

På landsbasis tronar Vålerenga Fotball på toppen føre Lions Club Fredrikstad. På tredjeplass ligg Foreningen for omplassering av dyr.