Ifølgje tiltalen skal mannen ved to ulike høve ha mishandla sin sambuar i deira bustad i juli i fjor.

– Ved bl.a. å slå, sparke, dytte, dra ho i håret, halde ho nede, riste ho i kroppen, legge seg over ho, ta kvelartak på ho, rive i/øydelegge kleda ho hadde på seg slik at ho var naken nedantil, heiter det i tiltalen.

Mannen skal vidare ha prøvd å stenge sambuaren inne i stova ved å låse døra til gangen, og han skulle deretter tape ho fast med gaffatape. Det siste vart forhindra då sambuaren klarte å rømme ut verandadøra.

– Ho vart påført fleire merker på kroppen, i tillegg til at ho mista bevisstheita ei kort stund.

Mannen er og tiltalt for å prøve å påverke politiet sitt arbeid i samband med hendinga med sambuaren. Ifølgje tiltalen heva eller knytte mannen neven mot politibetjentane som han skulle til å slå. Deretter skubba han den eine politibetjenten i veggen, i tillegg til at han tok eit hardt tak rundt hals/nakken på den andre betjenten.

Mannen må og svare for eit tilfelle av køyring utan gyldig førarkort. Ved to høve i juli skal mannen og ha køyrt personbilen sin i mellom 140 og 160 km/t mellom Ose og Hovdebygda.

Sidan 3. august har mannen vore varetektsfengsla, og fengslingsperioden har blitt utvida fleire gonger. I slutten av desember var det nytt fengslingsmøte i Sunnmøre tingrett, og mannen skal sitte varetektsfengsla til oppstarten av hovudforhandlingane i retten 23. januar.

I fengslingskjenninga kjem det fram at siktinga mot mannen har blitt utvida til å omfatte straffeloven paragraf 311 første ledd. Denne lova omhandlar framstilling av seksuelle overgrep mot barn eller framstilling som seksualiserer barn. Fengslingskjenninga går ikkje konkret kva dette lovbrotet skal omhandle.

I fengslingskjenninga skriv Sunnmøre tingrett at mannen med skjelling grunn framleis kan mistenkast for ei straffbar handling som kan medføre høgare straff enn fengsel i seks månader. Ved å forlenge varetektsfengslinga har retten lagt vekt på saka sin alvorlege karakter og faren for nye straffbare forhold.