Formannskapet sitt fleirtal vil ikkje ha omkamp om støyskjermar på Vekslet.
Med fem mot fire røyster rår formannskapet kommunestyret om å avvise ei klage på den godkjende reguleringsplanen for E39- Osborg-Ose.
Ørsta Camping har klaga på støyskjerminga som skal kome forbi badeplassen på Vekslet. Ørsta Camping peikar m.a. på at støyskjermen ved badeplassen skal byggjast trass i at involverte etatar sjølve konkluderer med at skjerminga har lite eller ingen effekt på støyen.
– Vi vil våge å påstå, at dette tiltaket heller ikkje vil auke trafikktryggleiken i særleg grad. Tvert imot, trur vi ein slik støyskjerm vil redusere oversikta over trafikkbiletet, heiter det i klaga frå campingen.
Klaga vart levert inn etter fristen, difor meinte rådmannen at klaga burde avvisast. Fleire i formannskapet støtta campingen sitt syn.
– Eg ser ikkje føremålet med støyskjerm. Vi vil gjerne vise utsikta mot fjorden, sa Gunnar Knutsen (V).
Odd Magne Vinjevoll (Frp) var samd: – Støyskjermen gagnar ikkje noko som helst, sa han.