Rundt klokka 14.30 fekk politiet melding om at ein mann hadde sklide nedover ein isbre i frå området rundt Mohns topp i Molladalen. Eit Sea King-helikopter var på veg til staden, men returnerte. Tjue minutt etter at meldinga kom inn hadde eit ambulansehelikopter fått kontroll på mannen melder Operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt. Mannen vart frakta til sjukehus.

Politiet har ingen opplysningar om korleis det står til med mannen. Operasjonsleiar John Kåre Flo seier til smp.no at dei har fått opplysingar om at mannen hadde sklide og hamna i ei ur.