Det seier leiar i kontrollutvalet, Sven Castberg. Kontrollutvalet i Ørsta heldt ekstramøte onsdag, der det vart gjort vedtak i Osgeil-saka, med tilråding til kommunestyret om å nullstille alle vedtak som er gjort i løpet av det siste året, for at settekommunen Ulstein skal få blanke ark i saka. Vidare rår dei til at framtidig handsaming av saka skjer i formannskapet og kommunestyret, og ikkje i samfunnsutvalet, for å få ro og tillit blant partane i saka.

– Denne saka har etterkvart vorte belastande for samfunnsutvalet med sviktande tillit til handsaminga hos partane, skriv Vest Kontroll i sakspapira.

Vidare: – Det har vorte lova kontrollutvalet at situasjonen skal betrast når det gjeld sakshandsaming.

Leiar i kontrollutvalet føler ikkje at denne lovnaden held vatn, så lenge Inge Kolås har sett saka på sakskartet i komande møte i samfunnsutvalet.

– Dette bidreg ikkje til å skape ro i saka, sa Castberg.

Også leiar i Vest Kontroll, Jostein Støylen, er overraska.

– Korleis kan han gjere dette så lenge andre er sett til å greie ut og sjå på sakshandsaminga i denne saka? sa han, og viste til kontrollutvalet sitt arbeid siste tida.

I ein e-post til Møre-Nytt skriv Inge Kolås at han ønskjer at saka kjem opp på neste samfunnsutvalsmøte og at han der ønskjer å rå til at dei opphever dei vedtaka som er gjort i saka, slik at saka vert nullstilt for at settekommunen skal stå fritt i si handsaming.

– Leiaren ønskjer vidare at samfunnsutvalet vedtek at vidare sakshandsaming i denne saka skal skje i samfunnsutvalet som trafikktryggingsnemnd, men som tilråding til formannskap og kommunestyre for endeleg vedtak. Dette fordi samfunnsutvalet vil medverke til mest mogleg ro, og medverke til størst mogleg samlande vedtak i saka.

Anne Stine Foldal Aam i kontrollutvalet seier at ho har vorte kontakta av utvalsmedlemer som meiner det er urimeleg at dei vert tekne av saka, slik kontrollutvalet rår til.

– Men det står eg inne for. Dette er ikkje ei mistru til samfunnstuvalet, men det handlar om tilliten og omdømet til Ørsta kommune og partane i saka.

Kontrollutvalet vil kome med ein uttale til samfunnsutvalet:

– Vi håper at samfunnstuvalet avviser/utsett saka, med bakgrunn i arbeidet som no vert gjort i kontrollutvalet.

Samfunnsutvalet i Ørsta har møte tysdag.