Det fortel Tonje Indrearne Sætre, leiar i Vartdal skyttarlag.

Rett før jul fekk skyttarlaget melding om at laget er tildelt 87.650 kroner frå Gjensidigestiftinga. Tildelinga skjer etter at det aktive skyttarlaget fortalde om den store aktiviteten i laget.

For Vartdal skyttarlag er det laget i skyttarsamlaget på Søre Sunnmøre med høgast aktivitet blant dei unge.

Skyttarlaget har heile 26 aktive under atten år.

– Då er utfordringa å ha våpen til alle. Det skal ikkje vere slik at alle er nøydde til å kjøpe seg våpen sjølve, i alle fall ikkje før dei er sikre på at dette verte ein hobby og aktivitet dei vil halde på med ei god stund. Difor er det viktig for skyttarlaget å ha våpen vi kan låne ut. Det same gjeld skyttarklede, seier Indrearne Sætre.

Ho fortel at det stundom har vore vanskeleg å kunne ta med seg alle aspirantane og rekruttane samstundes til skytestemne, for det har ikkje vore nok våpen til alle.

– Difor er det så viktig at vi no får pengar til fem nye børser, fortel Sætre Indrearne.

Nettopp «tiltak for å gi ungdomen meistring i eit sosialt fellesskap» var tittelen på søknaden til Gjensidigestiftinga.

– Vi har det fint saman. Det som er så unikt med skyttarsporten er at vi er samla i alle aldrar. Hos oss kan ein fjortenåring setje seg ned saman med ein syttiåring og diskutere skyteteknikk. Det er faktisk ganske flott, seier Sætre Indrearne.

Om vinteren er det skyting i miniatyrskytebana på Vartdal skule, og i sommarhalvåret er aktiviteten på skytebana.

Der er skyttarlaget i ferd med å investere i nye digitale skiver.

–Det er eit arbeid vi er i gang med, og skal halde på med vidare ut i det nye året, fortel Petter Buset i skyttarlaget.

Han og Sætre Indrearne ser fram til at det arbeidet er over.

Då får det heller vere at ein med digitale skiver misser ein liten ekstraverdi med dei gamle skivene i papp.

– Mange likar å ta med seg pappskivene heim etter enda skyting, og studere samlinga. Men vi skal nok få til ei ordning på det også med digitale skiver, seier Sætre Indrearne med eit smil.

Ho presiserer at når det no vert kjøpt nye børser, vil også nokre vere tilpassa venstrehendte. I Vartdal skyttarlag skal alle vere velkomne.