Nyheiter →
Makelaus blues på Trandal
Trandalblues er over, og arrangørane leverte varene. Det vart to makelause blueskveldar. 300 frammøtte fredag og rundt tusen laurdag fekk oppleve flott blues. Medan veret var heller dårleg fredag, var det fint ver og fin temperatur laurdag. Det vart ei eventyrleg stemning med både delta-blues frå Mississippi og show og musikk av ypparste klasse av ein brødregjeng frå Sula.