Dei fleste har med mobiltelefon eller smartklokke på tur. Men Røde Kors åtvarar om å stole for mykje på dei – om ein skulle gå seg bort i fjellet.

– Meld frå kvar du går. Det er avgjerande fordi vi då veit kvar vi kan byrje å leite, poengterer Cecilie Engum Blakkestad i Røde Kors til NRK.

I 2021 vart Røde Kors kalla ut på 1.773 søk- og redningsaksjonar. Det høgaste talet dei nokon gong har registrert.

No aukar dei beredskapen i vinterferien.

– Vi har mannskap klare og har flytta utstyr nærare der folk er på tur, slik at viss noko skjer, så har vi kortare veg til å rykkje ut, seier operativ leiar i Buskerud Røde Kors, Odd Inge Blakkestad til NRK.

(©NPK)