For Ørsta ungdomsskule avdeling Liadal er sjøvegen ein naturleg del av skulekvardagen. Med mange turar til og frå Raudøya vert det slitasje på utstyr og maskiner. Ein ny båtmotor har det vore behov for då det har vore innlånte motorar som sikra overfarten den siste tida. Etter ein søknad til Magne Haugen fritidsfond fekk avdelinga positivt svar tilbake. Onsdag var Kjell Bjarne Eikebø frå Røde Kors Ørsta, som har oppretta fritidsfondet, på plass og kunne overrekke ny motor.

– Båtmotor har vi har stort behov for. I fleire veker har vi frakta elevar til og frå Raudøya til uteskule. Og 10.-klassingane ved ungdomsskulen har hatt overnatting på øya, seier lærar Frank Harald Velle.

– Her får elevar oppleve godt samvær og vennskap. Fine turar i eit godt miljø på sjøen. Nettverksbygging og opplevingar, læring om fiske og båtliv, seier Eikebø.

I 2022 har Magne Haugen fritidsfond om lag 220.000 kroner som skal delast ut.

– Vi har ei eiga nemnd på fire personar som fordelar midlane. Det er ikkje nokon søknadsfrist. Vi prøver å fordele etter som søknadane kjem inn.