Førespurnaden kjem frå Silje Liaseth Vinjevoll, som er leiar i 17. mai-nemnda i Ørsta. Trass iherdige forsøk siste dagane har det ikkje lukkast henne å få tak i ein barnetalar, men ho gjer no eit siste forsøk.

– Vi er på jakt etter ei jente eller ein gut i sjette- eller sjuandeklasse, som kan halde ein kort tale om 17. mai og barnas dag, og kanskje flette inn eit par andre tankar også. Talen treng ikkje å vere lang, berre eit par minutt, seier 17. mai-sjefen.

Om det lukkast å få ein barnetalar til å stille, skal talen haldast på folkefesten i Laguneparken i Ørsta. I alle fall dersom vervarselet slår til, og det vert sol i morgon også.

– Det hadde vore veldig kjekt om einkvan vil stille, sjølv om det er litt kort varsel. Så er du tolv – tretten år, og ikkje alt for redd for å stå på ei scene – meld deg!

Oppmodar Silje Liaseth Vinjevoll.