- Vi gler oss over at NAV Ørsta Volda har fått på plass eit nytt brukarutval. Då NAV vart etablert i 2006, vart også brukarmedverknad lovfesta. I Ørsta var det tidlegare eit brukarutval i ein del år, men så har vi vore utan i nokre år no. For oss er det verdifullt å ha med oss brukarrepresentantane i det overordna arbeidet vårt. Brukarutvalet går ikkje inn i einskildsaker, men jobbar overordna og på systemnivå i verksemda vår, fortel leiar Monica Osvold i NAV Ørsta Volda i ei pressemelding.

Breidt samansett

I det nye brukarutvalet er Hazar Kabil, Jan Osborg og Hjørdis Almelid Vikenes brukarrepresentantar, Kristin Vik er representant for arbeidsgjevarane/Ørsta kommune, medan Jan Ove Haukås og Monica Osvold er NAV-representantar. Hjørdis Almelid Vikenes vart valt som leiar av brukarutvalet.

- Dette å få komme med i brukarutvalet til NAV lokalt, er spennande. Alle møter NAV på ulike måtar gjennom livet. NAV er ein viktig institusjon i landet vårt, og det er via dei tilsette der at vi får velferdssamfunnet vårt til å fungere. Eg er veldig glad for at lokalkontoret vårt har fokus på dette med klart språk. Nokre gongar kan den infoen vi får frå ulike statlege instansar, vere utforma slik at ein ikkje alltid verken forstår kva som står, eller kva som er meint. Ved å ha fokus på klart språk og god språkbruk, har ein allereie komme langt i det som kan gje gode samhandlingar. Arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte har tidlegare uttalt at NAV skal møte folk på ein måte som gjer at dei føler seg sett og ivaretekne. Det er ein god strategi, meiner Hjørdis Almelid Vikenes. Ho er oppnemnt av Rådet for likestilling av funksjonshemma i Ørsta til å vere brukarrepresentant i brukarutvalet.

Skal få folk i arbeid og aktivitet

I 2022 har NAV Ørsta Volda fokus på auka kontakt med arbeidsgjevarane, inkludering og kvalifisering av ulike brukargrupper og betre kvalitet i oppfølging av sjukmelde. Barneperspektivet skal stå sterkt i arbeidet, slik at ein sikrar borna ein god barndom.

- Vi har fokus på at FN sine berekraftsmål, og særleg prioritert måla om å utrydde fattigdom og gje folk anstendig arbeid og økonomisk vekst. Målet vårt er å hjelpe folk ut i arbeid og aktivitet, slik at flest mogleg skal verte sjølvhjelpne. Visjonen vår er heilt klar: NAV skal opplevast som ein medspelar, understrekar Monica Osvold.

Til hausten skal brukarutvalet få skulering i dette som går på brukarmedverknad, og korleis ein best kan bidra som samtalepartnarar for dei NAV-tilsette.

- Om nokon har tankar kring arbeidet på systemnivå hjå NAV, må de berre ta kontakt med anten meg eller Monica, så kan vi formidle desse tankane vidare til brukarutvalet, og drøfte dei der, oppmodar Hjørdis Almelid Vikenes i pressemeldinga.