Statsbygg har tildelt Sandal Parkdrift AS ein kontrakt for skjøtsel av grøntanlegg i Ørsta og Volda.

Dette er klart etter at det er halde konkurranse om avtale om skjøtsel av grøntanlegg i dei to kommunane.

Statsbygg fekk også tilbod frå Tilseth AS. Og både Sandal og Tilseth vert vurdert som svært gode kandidatar til jobben. Det vert peika på at begge kandidater har lang og relevant erfaring.

– Etter Statsbygg sitt skjønn er det ikkje muleg å skille kvaliteten på kompetanse og erfaring. Kontrakten vert tildelt den leverandøren som har det beste forholdet mellom pris og kvalitet, heiter det i eit brev frå Statsbygg.

Sandal Parkdrift AS oppnår høgste poengsum, og har dermed det beste forholdet mellom pris og kvalitet.

Kontrakten utgjer 1,063 millionar kroner.