- Det handlar om å skape meining i kvardagen, seier Erlend Indrearne og Sindre Ervik, som er nytilsette i rus- og psykiatritenestene.

- Det er eit privilegium å få jobbe med å legge til rette for meistring, og få deltakarane våre til å tru på seg sjølv.

Dei er nytilsette i lågterskeltilboda til rus- og psykisk helseteneste. Erlend er utdanna innan friluftsliv og tømraryrket, og er tilsett som miljøarbeidar i Styrk Arbeid, medan Sindre er utdanna sosionom og er tilsett som miljøterapeut på Møteplassen Gnisten. Begge har jobba som vikar i stillingane sine siste året, og fekk no faste stillingar, fortel Volda kommune på si heimeside.