Styret er det høgste organ ved ein høgskule, og har ansvar for at den faglege verksemda er av høg kvalitet og at høgskulen drivast effektivt.

Den nye rektoren ved høgskulen, Johann Roppen, vert styreleiar, og prorektor, Jens Standal Groven, vert nestleiar. Dei valde representantane til styret for Høgskulen i Volda er:

Teknisk/administrativt tilsette:                Kjell Einar Dagfinrud, kontorsjef, Avdeling for samfunnsfag og historieVara: Solveig Margit Sunde, rådgjevar, Økonomikontoret

Fagleg tilsette: Tor-Johan Ekeland, professor, Institutt for sosialfagJanne Heggvoll, høgskulelektor, Seksjon for Formgiving, kunst og handverk1. vara: Ivar John Erdal, førsteamanuensis, Seksjon for medie- og kommunikasjonsteknologi2. vara: Bente Mari Afset, amanuensis, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag

I tillegg er utvalde studentar også styemedlem.

Kunnskapsdepartementet har også utnemnt desse eksterne styremedlemene:

Endre Brunstad (Nesttun) med personlig varamedlem Rune Johan Krumsvik (Bergen) (utnemnt av Kunnskapsdepartementet)

Inger Østensjø (Stavanger) med personlig varamedlem Åslaug Krogsæter (Nordfjordeid) (utnemnt av Kunnskapsdepartementet)

Terje Heggem (Molde) med personlig varamedlem Petter Bjørdal (Ørsta) (utnemnt av Møre og Romsdal fylkeskommune)

Kristin Marie Sørheim (Torjulvågen) med personlig varamedlem Ingrid Opedal (Volda) (utnemnt av Møre og Romsdal fylkeskommune)

Gjennom ekstern representasjon i styrene tilførast det kompetanse og erfaring som styrker samspelet mellom høgskulene og sentrale brukar- og interessegrupper.