Trimgruppa i Hovdebygda IL og Ørsta kyrkje inviterte for 25. Året på rad til friluftsgudteneste ved Hovdevatnet andre pinsedag. Både unge og gamle la turen inn badeplassen ved Hovdevatnet for å få med seg friluftsgudstenesta, og mange valte å kome til fots eller på sykkelen. Friluftsgudstenesta samla rundt 120 personar i vakre omgivnader, og med eit fantastisk pinsevêr. Med god sommarvarme var det fleire som valte å sette seg i skyggen for at det ikkje skulle verte for varmt.

- Leve langsamt

Som mange gonger tidlegare var det Melle & Lødemel som stod for musikken under gudstenesta. Sokneprest Matias Austrheim var prest for dagen, og han var også med på å starte opp friluftsgudstenestene i 1988. I preika peikte Austrheim på at mange i Noreg tenkjer på at dei skal ha meir og meir, og gjerne større ting.

- Dette fører til ein stressande kvardag. Ein bør kanskje heller tenkje på å leve langsamt, og pinsa er ei kviletid der ein kan vere saman med dei ein er glad i.

Etter gudstenesta vart det sal av kaffi og kaker frå trimgruppa, og dei frammøtte kosa seg i det flotte vêret. Fleire av dei yngre nytta også sjansen til å kjenne på badetemperaturen i Hovdevatnet.

- Ikkje vemodig

For Austrheim var dette den siste friluftsgudstenesta ved Hovdevatnet. I september går han av med pensjon, men han tykkjer ikkje at det var vemodig at dette var siste friluftsgudstenesta som han leia.

- Eg tykkjer at dette berre er kjekt, og det er ein kjekk tradisjon. Eg var med på å starte opp friluftsgudtenesta her i 1988, det andre året eg var i Ørsta. Eg tykkjer ikkje at det er vedmodig at dette var siste gang for min del, og dette er ein tradisjon som vil halde fram i år framover, seier Austrheim.

Oppmøtet ved Hovdevatnet viser at friluftsgudstenesta ved Hovdevatnet er noko som folk sett pris, og at det er ein tradisjon som vil leve i mange år framover.

Etter gudstenesta var det sal av kaker og kaffi i regi av trimgruppa i Hovdebygda IL, og interessa var stor for å få seg noko å bite i.