Fusjonen mellom Tussa og Tafjord betyr at nettverksemda til dei to selskapa vert samla i eit felleskontrollert selskap, Mørenett AS. Eigarfordelinga er 53,66 prosent til Tafjord Kraft AS og 46,34 prosent til Tussa Kraft AS. Det fusjonerte selskapet skal leiast av Rune Kiperberg, som i dag er adm. direktør i Tussa Nett AS. Han tek til i stillinga ved nyttår.