– Ein milepåle, kommenterer senterleiar Peder Lid.

Ein anna milepel kom også søndag då salet for første gong passerte 300 millionar kroner for eit år.

– Den gamle rekorden var på 297 millionar. Søndag kveld nådde vi nesten 310 millionar i omsetning så langt i år.

Sal

Både besøk og sal er godt på kjøpesenteret no før jul.

– Sist veke var totalt 28.119 personar innom dørene. Og laurdag 14. desember var det knappe 6000 kundar som besøkte senteret. Kundeteljaren stoppa på 1002.261 då dørene stengde søndag kveld, fortel Peder Lid.

Amfisenteret hadde søndagsope i fire timar.