Det går mot ei kald helg der temperaturane på kveld og natt vil ligge rundt null grader. Metereologisk institutt har sendt ut obs-varsel for Møre og Romsdal og seier at det framleis kan vere vanskeleg køyreforhold på grunn av sludd- og snøbyger i indre strok og over 200-500 meter. For laurdag og søndag er meldt kaldt, men fint haustvêr. Måndag vil temperaturane stige att, og frå tysdag er venta mildare vêr og regnbyger.