Saka handlar om det som vert kalla Rotset-skjønet, der Søre Sunnmøre tingrett skulle bestemme prisen på om lag 30 dekar næringsareal på Rotset. Volda kommune har inngått avtale om innløysing av areal med Astri Eidseth Rygh, Cesilie Dahle Torbjørnson, Lars Barstad og Ragnar Aarflot.

Retten konkluderte med at prisen på arealet kommunen skal løyse inn skal vere 252 kroner per kvm.

Misforstått

Rådmannen meiner skjønsretten i vurderinga av prisen har misforstått eit prisvedtaket for tomtegrunn som kommunestyret i Volda har gjort, der rutemeterprisen ikkje er ein rein råtomtpris, men inkluderer også tekniske anlegg.

– Det skjønsretten har oppfatta som betaling for tekniske anlegg, er såleis prisen tomtekjøparane måtte betalte ekstra for å få ei ferdig planert og byggjeklar tomt, forklarar rådmannen.

– I og med at skjønsretten har trudd at dette var ein rein råtomtpris, må dommen i saka vere basert på feil faktagrunnlag, seier rådmannen.

Advokat

Saka har vore drøfta med kommunen sin advokat, Svein Tømmerdal, som rår kommunen til å krevje overskjøn ved Frostating lagmannsrett. Administrasjonen er samd i dette.