Sokneprest Espen Aarseth heldt si fyrste julaftan-gudstenestesom sokneprest i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø tysdag. Godt over hundre personarkom til gudsteneste denne tidlege ettermiddagen, og let juleførebuingane verefor ei stund, og i staden høyre Juleevangeliet verte les.

Mest vitja

For gudstenestene Julaftan har vorte dei mest vitja overheile Noreg. Og overalt er det Juleevangeliet som vert lest.

Aarseth las frå Lukas 2, 1-20 medan kyrkjelyden stod. Det erforteljinga om då Maria og Josef reiste frå Nasaret til Betlehem, og der Mariafødde sonen sin. Ute på markene fekk gjetarar med eitt sjå ein engel framføreseg.

” Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei storglede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davidsby. Han er Messias, Herren.”

Matteus

Aarseth heldt også preike ut i frå Matteus 6, 19 - 21. Dåsamla han borna i kyrkja til å sjå i den spennande skattkista som stod framme.Der var det sjørøvarhue og hjarte. Og Det nye testamentet.

” Samla dykk ikkje skattar på jorda, dermøll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel.  Mensamla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvarikkje bryt seg inn og stel.   For der skatten din er, vil hjartet dittòg vera.”

- Og det er dette det handlar om. De måsamle på dei skattane som er inne i oss – dei ingen kan stele, sa Aarseth.

Musikalske innslag

Under gudstenesta var det innslag vedHjørundfjordkvintetten, Alf Terje Aklestad, Martine Hjertvik Urke og JohnnyBjøringsøy.