Det vart slått full alarm til alle naudetatar etter melding om at to personbilar hadde frontkollidert inne i tunnelen, nærast Austefjordsida. Ifølgje politiet var det ein person i kvar av bilane. Etter kollisjonen sat den eine bilføraren fastklemt inne i bilen og måtte reddast ut. Som følgje av skadane på bilane oppstod det bensinlekkasje, noko som skapte stor fare for brann.

Rotsethorntunnelen vart stengd like etter ulykka, men var open for naudetatane som køyrde inn og henta ut pasientane. Luftambulansen frå Ålesund vart også rekvirert og landa på Volda sjukehus.

Då Rotsethorntunnelen er stengt, må traffikantar ta folkestadferja for å kome seg til og frå Austefjorden. Vegen til Ørsta over Aldalen er også stengt grunna arbeid i området.

Klokka 19.55 opplyser politiet at dei er ferdige med å sikre tekniske spor, og ein kranbil er i gang med å rydde vekk bilane. Det er difor venta at tunnelen vert opna om kort tid.

Kva som er årsak til at dei to bilane kolliderte inne i tunnelen, er framleis uvisst.