Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse, LPP Søre Sunnmøre, oppmodar rådet for likestilling av funksjonshemma i Ørsta kommune om å bidra til å opprette brukar- og pårørandeutval for Viketunet. Brukarar som bur på Viketunet og deira pårørande melder at dei saknar eit forum der saker kan verte tekne opp og drøfta. Leiar Laurits Bjørdal seier at han vonar at førespurnaden deira vert handsama i Levekårsutvalet.