Lions har som tradisjon å støtte både lokale og internasjonale prosjekt økonomisk. Nyleg troppa dei opp med ein splitter ny snøfresar til Møteplassen Aktivitetssenter på Viketunet.

Bebuarane på Viketunet har eit tiltak som heiter småjobbsentralen, der dei tek på seg småjobbar som til dømes plenklipp og snømoking. I vår gav Lions ein plenklippar og ein del hagereiskap til prosjektet, og no troppa dei altså opp med ein splitter ny snøfresar til ein verdi av 15.000 kroner.

Som om ikkje det var nok, fekk Ørsta ungdomsskule avdeling Liadal 15.000 kroner til kjøp av nytt utstyr.

– Dette skal brukast til friluftsutstyr til fiske og fangst. Og så manglar vi benker der folk kan slå seg ned. Vi skal også lette tilkomsten på Raudøyna ved å lage ein tursti midt over høgda på øya, seier lærarane Frank Velle og Jon Ståle Lystad.

Ørsta ungdomsskule avdeling Liadal er eit undervisningsprosjekt for ungdomsskuleelevar som treng meir praktisk undervisning i skulen. Elevane har vanleg skuleundervisning på gamle Liadal skule, og reiser ut på Raudøyna fleire dagar i veka for å gjere praktisk arbeid.

Avdeling Liadal har tidlegare fått 34.000 kroner i støtte frå Lions til kjøp av kanoar, noko som har vore eit populært tilbod til elevane.

Lions Club Ørsta gir også 25.000 kroner til gjenoppbygginga av fiskerampane på Rjåneset, som vart øydelagde under Dagmar. I tillegg har dei gitt eit monaleg beløp til internasjonale Lions-prosjekt.