Det danske selskapet melde 11. oktober at dei gjekk til retten med ei såkalla rekonstruksjonsbegjæring, eller gjeldsbrev, og stansa difor arbeida umiddelbart.

Utsett opning

Hjartåbergtunnelen skulle eigentleg opne 20. desember, men her har arbeidet stått stille sidan midten av oktober. Det er berre det elektriske som står att før tunnelen kan opne, men no vert truleg opninga utsett. Tidlegare har prosjektleiar Oddbjørn Pladsen frå vegvesenet sagt at det ikkje skal store utsetjinga til før opninga vert utsett til over nyttår.

Direktør Lars Erik Hauer i Statens vegvesen seier at løysinga som selskapet skisserte for kontraktane og anlegga deira ikkje var akseptabel.

– Så vi har no starta prosessen med å seie opp alle kontraktane, stadfestar han.

– Vi håper å få på plass nye elektroentreprenørar så snart som råd slik at forseinkingar og andre konsekvensar vert så små som muleg.

I tillegg til E39 Hjartåberget har Electrotech kontrakt på E6 Boksrud-Minnesund, Rv. 13 Vallaviktunnelen (Hardangerbrua), Rv. 60 Røyr-Hellesylt, Strindheims-tunnelen på E6 Trondheim-Stjørdal, Rv. 70 Oppdølsstrandatunnelen og Fv. 78 Halsøya-Leirosen.