Ørsta Indremisjon og Ørsta frikyrkje fortvilar. Det er berre få dagar att til julegrana på Haldeplassen i Ørsta skal tennast. Men det er ikkje sikkert at julegrana får straum.

– I tidlegare tider var det gamle «Samvirke» som sponsa straumen gjennom løyve til å kople seg på deira elektriske anlegg. Det hende nok at sikringar vart sprengde, men stort sett fekk ein dette til å fungere. Slik er det ikkje lenger, og vi har full forståing for at private huseigarar ikkje ser det som si oppgåve å ordne med gratis straum til Ørsta si offisielle julegran, seier Per Oleiv Hovland på vegner av Ørsta frikyrkje og Ørsta Indremisjon.

Organisasjonane har skrive til kommunen, og bedt om at det kjem ei ordning.

Mørklagd juletre

– For ikkje å risikere at bygdefoket møter ei mørklagd julegran for framtida, ber vi om at Ørsta kommune syter for å få etablert ei ordning som sikrar stabil straum til julegrana, inkludert naudsynt straumtilgang til høgtalaranlegg under sjølve arrangementet, seier Hovland.

– Dette er ei sak det hastar å finne ei løysing på, og vi ber om ei snarleg tilbakemelding, seier Hovland.

Julegrantenninga i Ørsta sentrum er eit samarbeid mellom Ørsta Indremisjon og Ørsta frikyrkje og Ørsta kommune. Indremisjonen og frikyrkja har ansvaret for arrangementet under sjølve tenninga, og kommunen stiller med gran, og får hengt lysa opp i treet.

Stort arrangement

– For å gjennomføre arrangementet i noverande form er det mykje som må organiserast og leggjast til rette på førehand. Mange aktørar skal involverast: Person til å halde appell, musikkorps, lydansvarleg og bøsseberarar som hjelper til med å samle inn pengar til naudlidande gjennom Kirkens Naudhjelp. I tillegg stiller folk frå brannvernet opp i samband med fakkeltoget  som går frå Haldeplassen til Nekken umiddelbart etter sjølve arrangementet, fortel Hovland.

Han meiner at arrangementet er verdifullt.

– Etter vårt syn har arrangementet funne si form, og det bør ikkje herske tvil om at ørstingar flest ynskjer denne tradisjonen vidareført.