Folk frå Ørsta handlar tilsynelatande meir i sin eigen kommune. Det har i alle fall vore ein auke i omsetning per innbyggjar. Det viser handletal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Handelsutvikling i Ørsta
Tala slår fast at omsetninga per innbyggjar har gått oppover i Noreg det siste året. Det er omsett for nesten 1.200 kroner meir per innbyggjar i 2011 kontra året før. Det betyr ein vekst på 1,6 prosent.
Utviklinga i Ørsta kommune er såleis ein del betre enn det som har vore normalen. Omsetninga per innbyggjar har nemleg gått opp 3,3 prosent her det siste året. I kroner og øre snakkar vi om 2.168 kroner meir for kvar bebuar i Ørsta.
Handelsutvikling i Volda
Også i Volda kommune kan ein notere pluss i handlemargen. Totalt var det ein auke i omsetninga på 2.287 kroner per innbyggjar her. Det utgjer ein auke på 3,1 prosent, noko som sjølvsagt blir notert som ei betre utvikling enn det som har vore vanleg elles i riket.
Per innbyggjar i Ørsta
Butikkar og detaljhandelen i Ørsta kommune hadde i fjor ei omsetning som tilsa 58.557 kroner per innbyggjar. Dette er om lag 4.500 kroner mindre enn gjennomsnittet i Noreg. Handelen i Noreg hadde nemleg i 2011 ei omsetning på kroner 73.104 per nordmann.
Tilsvarande situasjon i Volda kommune er den at det blei omsett for 75.653 kroner per snute i løpet av fjoråret.
Detaljhandel
Kva er så innanfor omgrepet detaljhandel? Statistikken viser omsetning i alle butikkar som sel varer, rett og slett. Det vere seg matvareforretningar, klesforretningar eller elektrohandel. Berre for å nemne nokre eksempel.
– Men det er nokon unnatak, fortel SSB i si utgreiing.
-Bensinstasjonar er ikkje med her. Heller ikkje sal av motorvogner eller agenturhandel er med i tabellane. Det er derimot internetthandel, slik at kommunar som huser større nettbutikkar blir prega av dette i statistikken, forklarer byrået.
Flyplasshandel
Det er ein del kommunar som får eit fullstendig forvrengde bilete av handlenivået, og det er sjølvsagt viktig å påpeike i denne samanhengen. Det gjeld for eksempel Ullensaker kommune som tek seg av flytrafikken på Gardermoen – og all den handelen som finn stad der. Kommunen toppar såleis landsoversikta med 193.802 kroner per innbyggjar.
Kommunar med mange hytter eller populære feriedestinasjonar kjem også høgt opp på denne tabellen. Og kommunar i distrikta som er typiske ”handlemekka” for nærliggjande kommunar.
Pendling gir handleeffekt
Også kommunar med mange dagpendlarar får ofte oppsving i handletala. Og med motsett forteikn ser ein at butikkar kommunar nær svenskegrensa ofte taper på grensehandelen.
Blant dei 430 kommunane i Noreg er Volda kommune på 90. plass på denne tabellen. Ørsta kommune er nummer 122 her. I Møre og Romsdal er det Ålesund kommune som kjem best ut, med nesten 111.000 kroner per innbyggjar.
Utvikling i prosent
Lillesand kommune i Aust-Agder fekk etablering av eit stort IKEA i 2009, og fekk dermed ein formidabel auke per innbyggjar i 2010 – på heile 52 prosent. Det er beste utvikling i Noreg. Ei storstilt oppgradering av Bjørneparken i Flå er også ein av grunnane til at handelen auka med nesten 29 prosent per innbyggjar der.
Beste auke i Møre og Romsdal
Ørsta kommune hadde såleis den 129. beste utvikling i Noreg. Og Volda kommune hamna på 138. plass på ”utviklingstoppen”. Best utvikling i Møre og Romsdal hadde Hareid og Gjemnes kommunar, som kunne vise til ein framgang på dryge åtte prosent i fjor.