Laurdag i middagstida er det fullt kaos i Hovdebakken i Ørsta. Snø og glatte vegar har ført til at bilar har køyrt utfor vegen, og fleire står faste. Det er ikkje meldt om personskade.

Politiet er på staden, og prøver å få til ei omdirigering. Det vert meldt om lange køar.

Sjå biletserie frå snøkaoset her

- Komplett kaos

- Det er eit komplett kaos. Vegvesenet har vorte purra på, men vinterutstyret deira er kopla frå, seier politibetjent Even Haavik til Møre-Nytt.

Han karakteriserer strekninga Hovdebygda - Ørsta sentrum som svært dårleg, og rår bilistar frå å køyre der.

- Viss dei har sommardekk, bør ikkje denne strekninga køyrast i det heile. Vi fryktar situasjonen med køar og kaos vil vedvare enno nokre timar, seier Haavik.

Heldigvis fekk politiet hjelp frå personalet ved Ørsta - Volda lufthamn. Dei rykte ut med sine brøytebilar.

- Men sjølv om her vert rydda for snø, er det framleis svært glatt. Bilar med sommardekk må halde seg unna, seier Haavik.

Løyste seg opp

I 13.20-tida byrja køa endeleg løyse seg opp i begge retningar. Køa gjekk då frå Ørsta sentrum til Mork. Somme bilistar hadde venta i kring ein time for å kome seg frå eine bygda til den andre.

Ved busstoppen i Hovdebygda kunne ein sjå fleire bilar som hadde vorte flytta til sides for å sleppe resten av trafikken forbi.

Det kraftige snøfallet laurdag morgon kom på eit tidspunkt då dei aller fleste hadde lagt om til sommardekk, og få såg nok føre seg at det ville kome slike snømengder etter den siste veka med mildvêr og sol.