På Høgskulen i Volda vert det eit ope arrangement med tittelen «Musikk i demensomsorga». Lektor Øyvind Salhus og førstelektor Anne-Sofie Egset skal presentere eit pilotprosjekt som har gått føre seg i tre kommunar på Sunnmøre.

– Kva har de gjort ved desse institusjonane?

– Vi har hatt song- og musikkstunder for fem personar med demens saman med pleiarar. Kvar plass har vi vore 8 gonger. Dei tilsette vi har arbeidd saman med har vi kalla for konsulentar, fortel Salhus.

Kva dei erfarte gjennom desse samlingane, skal Salhus og Egset fortelje om torsdag.

– Det blir elles snakka om bakgrunnen for prosjektet, om kva vi lærte og vegen vidare, fortel Egset.

Nytt fag

Salhus og Egset har også vore med og arbeidd fram eit nytt studium som heiter «Musikk i målretta miljøarbeid». Informasjon om dette blir det også denne dagen. Studiet er eit samarbeidsprosjekt mellom musikkseksjonen og institutt for sosialfag. Fagfolk frå begge avdelingane har laga emneplanen saman med Astrid G. Dimmen som representerer omsorgstenestene. Vidareutdanninga er også utvikla i nært samarbeid med kommunane på Sunnmøre (Sjustjerna omsorg)

Studiet er ei vidareføring av «Miljøterpi i demensomsorga». Dette studiet har gått over fleire år.

Blikk utanfrå

For å få blikket utanfrå når det gjeld musikkterapi for menneske som har ein demenssjukdom, har dei invitert Sogunn E. Knardal og Merethe Vadstein Welle.

Knardal er utdanna barnevernspedagog ved Høgskulen i Volda, og har teke musikkterapi og hovudfag i musikkterapi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane/ Musikkhøgskulen i Oslo. Ho arbeider no som musikkterapeut ved NKS Olaviken Alderpsykiatriske sjukehus.

Vadstein Welle er frå Ørsta, men bur no i Tromsø. Ho har mastergrad i musikkterapi, og praktisk-pedagogisk utdanning frå Høgskulen i Volda.

Vadstein Welle arbeider no som spesialpedagog i musikk ved musikklina på Kongsbakken vidaregåande skule i Tromsø. Ho er også engasjert i eit prosjekt som heiter Prosjekt Stimuli, og målet for dette prosjektet er at demensramma ved Sør-Tromsøya sjukeheim skal få ha eit tilbod som kan gi stimuli og gode opplevingar i kvardagen.

I tillegg til foredrag, samtale og sikkert litt musikk, vert det fingermat. Det er Høgskulen i Volda som står som arrangør.

Konsert

På ettermiddagen torsdag blir det konsert på Volda omsorgssenter med tittelen «Musikk og lyrikk». Øystein Salhus er med her også, saman med Fanny Holmin, Bjørnar Myhr, Jens Arne Molvær og nokre bebuarar og tilsette ved omsorgssenteret. Dette er ope for alle interesserte.