Bønder over heile landet har dei siste dagane aksjonert mot regjeringa sin landbrukspolitikk. Måndag spissa situasjonen seg ytterlegare, då bøndene tok traktorane fatt, og la ut på europavegen for å demonstrere.

Traktorkolonnen starta i Bondalen og køyrde til rådhuset i Ørsta. Der samla dei seg på parkeringsplassen og gav ein appell til den einaste frammøtte politikaren der, formannskapsmedlem Gunnar Knutsen (V).

Stor nedgang i talet på gardsbruk

Leiar Knut Hustad i Hjørundfjord bondelag heldt ein kort appell til Knutsen, der han presenterte nokre faktaopplysningar om det lokale landbruket.

– I Ørsta var det 390 gardsbruk i drift i 1996. I 2011 var talet 201 gardsbruk. I Volda var det 268 gardsbruk i drift i 1996, men i 2011 var det berre 109. Snittinntekta til bonden per årsverk var 227.400 kroner i 2010, medan andre grupper si snittinntekt var 434.900 kroner. Under årets jordbruksforhandlingar gav regjeringa landbruket eit tilbod som vil føre til at inntektsgapet mellom bønder og andre grupper vil auke. Dette vil føre til færre bønder – også i vårt område. Låge inntekter for bonden fører til færre bønder og økonomisk tap for distriktskommunar som Ørsta og Volda, sa Hustad.

– Lokalpolitikarane har alltid støtta bøndene

Hustad understreka at politikarane i Ørsta alltid har støtta bøndene, og fekk Knutsen til å love å støtte landbruket vidare.

– Det er nok veldig lett for han som ikkje er i regjering å støtte dette, skjemta Hustad, og sende ein kommentar til regjeringa:

– Landbruksminister Brekk kallar årets tilbod historisk godt. Det beste ein kan seie om dette er at det er historisk dumt sagt.

Etter appellen heldt dei vel tretti traktorane fram mot Volda. På E39 danna det seg naturleg nok lange køar bak traktorkolonnen.

Traktorane på veg inn mot Ørsta rådhus.