Heggestad ynskjer no ei avslutning på saka der grunneigarane til Sætrefeltet på Vartdal er lova ein tilkomstveg til skogen ovanfor. Etter 33 år er saka enno ikkje ordna.

– Den 23 april 1979 vart det halde rett i forsamlingshuset «Soltjeld» på Vartdal. Det vart halde oreignings- og avtaleskjønn om grunn til tomtefeltet på Sætre, og om rett til bygging av overvassleidning og kloakk til det same feltet. I rettsdokumentet står det at dei 15 utmarksteigane skal ha tilkomst til skogen, og tilkomstvegen er teikna inn på reguleringskartet, forklarar Heggestad.

Vegen ikkje bygt

Han minner ordførar Rune Hovde om at vegen enno ikkje er bygt.

– Det vart levert eit grunngjeve spørsmål til ordføraren den 14. mars 2006 om denne saka. I svaret datert 21.03.2006 stod det  mellom anna at kommunen snarast burde kalle inn grunneigarane til eit møte, fortel Heggestad.

Han opplyser at kommunestyret då bad rådmannen om å kalle inn grunneigarane til eit møte innan ein tidsfrist. Møtet vart halde og tilkomstvegen skulle byggjast snarast mogeleg.

– Ordførar, det vart ikkje bygt veg, fortel Heggestad.

Nytt spørsmål

Han tok saka opp att, og den 18. mars i 2009 vart det levert eit nytt spørsmål til ordføraren om når vegen skulle byggjast.

– I svaret frå ordføraren stod der at det var utarbeidd planar for tilkomstveg, frå Sætrefeltet til kanalen. Anleggsavdelinga skulle ha synfaring etter påske det året, og tre entreprenørar skulle vere med og få høve til å gje ein pris på arbeidet. Finansieringa var ordna. Arbeidet skulle ta til på seinhausten, men det vart utsett til våren 2009, då det var liten kapasitet hos entreprenørane og vinteren kom. Arbeidet vart prioritert frå teknisk sektor si side. Men vegen er framleis ikkje bygd, og grunneigarane er skikkeleg sinte etter å ha venta på tilkomst til skogen sin i  33 år, seier Heggestad.

Han ber ordføraren om å kome med eit svar når den vegen vert bygt.

Pål Heggestad