Bonde Johan Krøvel på Krøvelen i Åmdalen har i likskap med over 50 andre gardbrukarar i området eitt problem i haust – dei får ikkje kvitta seg med den opplagra gjødsla.
Det store gjødsellageret i Åmdalen er eitt av fire i området, og skal på denne tida av året ha eit normalvolum på mellom 500 og 600 kubikkmeter.
No har heile 1.700 kubikkmeter med brun «herlegdom» funne vegen til tanken, og Krøvel er klar på kva som er årsaka til problemet.
Utgått frist
– Årets andreslått har vorte utsett fleire gongar grunna lengre periodar med dårleg vêr. Sidan bøndene ikkje har fått høve til å slå markene sine, har dei heller ikkje fått spreidd gjødsla.
Det vert eit problem når styresmaktene sin frist for å gjødsle markene gjekk ut 15. september.
– Vi har fått utsett fristen ut denne månaden, men eg tvilar sterkt på at vi klarer å få møkka ut på markene innan oktober, seier Krøvel.
Årets situasjon står i sterk kontrast til fjoråret, der ein både fekk gjort unna andreslåtten tidleg og gjødsla, sidan det ikkje regna på langt nær like mykje før snøen kom 22. oktober.
Mange råka
Børild Skåra ved landbrukskontoret seier Krøvel ikkje er åleine om problemet. Gardbrukarar i heile kommunen er i same båt.
Faktisk har så mange som nesten 50 personar har søkt om utsetjing av gjødselfristen.
– Det er fleirfaldige år sidan vi hadde såpass mange søkjarar. Dei aller fleste får løyve ut september, men forhåpentlegvis får ein gjort dette før den tid, seier Skåra.
Forbod
Han opplyser at 1. november er aller siste frist, og at det er forbode å spreiie møkka etter den tid. Grunnen til det er at plantene ikkje vil vere i stand til å ta opp næringa frå gjødsla så seint på året.
– Kva viss ein ikkje rekk fristen?
– Då må ein lagre gjødsla over vinteren, men det har aldri hendt før, og eg trur ikkje det vert noko tema, seier han.
Dersom det røyner på, kan ein sprøyte gjødsla i grøftelager, men det er slett ikkje alle som har utstyr til å nytte den løysinga.
Formangel?
Når vi no skriv slutten av september er grasrote høgst reelt for dei som enno ikkje har fått gjort unna andreslåtten.
Ein naturleg konsekvens av dette er mindre fòr til dyra, men Skåra vil ikkje spå noko formangel utover vinteren.
– Vi ligg litt i underkant av normalen når det kjem til fôrproduksjon. Likevel har dei mykje større problem på Austlandet, med flaum og øydelagde avlingar, så ein vil nok oppleve at mange vender seg hit for å kjøpe fòr. Då vert det viktig å vise litt måtehald, slik at ein ikkje får mangel her i kommunen, seier Skåra.
I mellomtida må Krøvel og hans lokale likesinna hanskast med noko det absolutt ikkje er mangel på – nemleg møkka.