Denne langdryge saka, som vert karakterisert som vanskeleg av landbrukssjefen, handlar om sal av ein gard (gnr. 106 bnr. 8) på Søre Vartdal. Seljar er dødsbu etter Edit Olsen Buset.

Landbruksnemnda har tidlegare gjort vedtak om å gi konsesjon til Håvoll og Vartdal medan landbrukssjefen også då tilrådde å gi avslag på søknaden.

Grunngjeving for avslag var at dette bruket bør seljast som tilleggsareal for å styrke andre bruk i området, det vart vist til at tunområdet er lagt ut som bustadareal, og at det er interesse for kjøp av tilleggsareal.

Landbruksnemnda sitt vedtak om konsesjon til Håvoll og Vartdal vart påklaga av Bjørn Vartdal og Øyunn Kleiva, som hadde leigd deler av jordbruksarealet på bruket tidlegare, og var interessert i å kjøpe eigedomen. Då landbruksnemnda handsama klaga heldt nemnda fast på vedtaket om å gi konsesjon til søkjarane. Klaga vart deretter sendt til Fylkesmannen som gav avslag på konsesjon for Håvoll og Vartdal.

Avtale

No kom saka altså opp att, og nytt er at Viggo Håvoll og Anne Britt Vartdal har inngått intensjonsavtale med Geir Hole om samdrift med ungdyr og kjøtproduksjon på storfe. For å styrke driftsgrunnlaget på gnr. 106 bnr. 8 er det inngått leigeavtale på gnr. 106 bnr. 12 i tillegg. Dette bruket er tidlegare drive av eigar, men det er ikkje søkt om produksjonstillegg på arealet siste år. Det vert vist til at det er mogleg å dyrke opp ca. 80 dekar på konsesjonseigedommen for å styrke driftsgrunnlaget.

I tilleggsopplysningane er det opplyst om at dei ønskjer å halde oppe garden som eige bruk, og at dei vil arbeide for at det arealet som er lagt ut som bustadareal i kommunedelplan for Vartdal, vert ført tilbake til LNF areal. Dei meiner også at busetjingsomsynet må leggast stor vekt på i konsesjonssaka.

Bjørn Vartdal og Øyunn Kleiva stadfestar at dei framleis ønskjer å kjøpe eigedommen, og aksepterer takst som ligg føre.

I det nye vedtaket frå landbruksnemnda som vart gjort tysdag, og som vart fremja som eit fellesframlegg frå leiaren i nemnda, Ola Perry Saure (Sp), heiter det m.a. at nemnda har merka seg at det vert lagt opp til samdrift med Geir Hole som driv nabobruket, og at areala på bruket då vert hausta og halde ved like. Nemnda held difor fast på at det er ei overvekt som talar for å gi konsesjon, kontra at arealet skal gå som tilleggsareal til nabobruket. Nemnda legg vekt på at søkjaren er godt skikka til å overta gnr. 106 bnr. 8, og at eigedommen framleis skal nyttast til landbruk, og at søkjar difor må oppfylle driveplikta.

– Søkjar ønskjer å busetje seg på bruket, og overlate sin noverande bustad til nær familie. Landbruksnemnda meiner dette også vil vere med og styrkje busetjinga i området.

Denne saka kan virke betent. Fullmektig i buet til Edith Buset Olsen, Leiv Grønnevet, seier dei ikkje vil selje til Bjørn Vartdal og Øyunn kleiva.

– Vi har ikkje tru på deira evne til å ta hand om gardstun og jord på ein måte som var i tråd med den haldninga Edith Buset Olsen hadde til orden og stell, heiter det m.a. i eit skriv til landbruksnemnda.

Grønnevet er også kritisk til sakshandsaminga frå administrasjonen i Ørsta kommune.

Det høyrer også med at Viggo Håvoll og Anne Britt Vartdal meiner at Bjørn Vartdal og Øyunn Kleiva har meir areal enn dei treng for buskapen sin.

Vartdal og Kleiva meiner på si side at opplegget med samdrift med Geir Hole er ein konstruksjon laga for å unngå Fylkesmannen sitt vedtak om at jorda på gnr. 106 bnr. 8 skal seljast som tilleggsjord for landbruksverksemd i drift.