Tysdag kveld kom partia Høgre, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Framstegspartiet fram til ein samarbeidavtale for dei komande fire åra. Avtalen inneber at Rune Hovde vert ny ordførar i Ørsta.
- Det vi kan seie no er at vi er samde om både ein valteknisk avtale i samband med konstitueringa av kommunestyret, og ein politisk avtale for samarbeid dei komande fire åra, seier Hovde til Møre-Nytt tysdag kveld.
Detaljane i avtalen vil ikkje verte offentleggjorde før onsdag, då dei respektive partia ynskjer å gå ein runde med sine folk fyrst.
Avtalen stadfestar at Rune Hovde vert ordførar. Både partiet Høgre og Hovde sjølv har fått stor tillit frå veljarane i valet.
- Forhandlingane har vore eksemplariske. Vi har hatt ein god tone heile vegen, seier Hovde.
Framstegspartiet er også nøgde tysdag kveld.
- Vi er fornøgde med at dei borgarlege partia i Ørsta har oppnådd semje både i fordeling av verv og når det gjeld politikk. Den politiske plattformen vert offentleggjort onsdag, og han skal ikkje vere ein hemmeleg avtale som for fire år sidan, seier Myklebust, og siktar til avtalen som sikra Gudny Fagerhol (Ap) fire år som ordførar i Ørsta.
Myklebusta stadfestar at det var ei god stemning under forhandlingane, og at det var stor vilje til å finne saman til felles verdiar.
- Fordelinga av verv avspeglar valresultatet, og det var viktig for oss, seier Myklebust.