Miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik i Ørsta kommune snakkar om minken. Eit dyr som ikkje høyrer naturleg heime i norsk fauna, men som er eit resultat av at rømt oppdrettsmink har etablert seg og spreidd seg til alle delar av landet.

Denne veka var ein liten mink på jakt i Vikeelva. Kvit snø mot brun manke avslørte jegeren, der han stod på snøbaren og stira etter eit fiskemåltid i elva, før han smidig og utan eit skvulp gleid ned i vatnet, på leit etter dagens måltid.

– Det er nok ikkje ein som har rømt nyleg. Villmink fekk vi i Noreg allereie før krigen, fortel Selbervik.

Oversikt: Opp i høgda for å studere elva litt nærare. Er her noko mat, skal tru?

Rømt mink

Eit kjapt søk på Wikipedia fortel dette: Mink vart innført i Noreg i 1927, då den første minkfarmen kom i gang på Vestlandet. Alt i 1930 vart den første villminkstammen etablert i Sunnhordland, då mink frå ein minkfarm rømte etter ein flaum nær Bergen. Minkfarmar vart også etablert på Austlandet i løpet av 1930-talet, og sidan også andre stader i landet. Alt på 1940-talet fanst det villmink i til dømes Akershus, og på 1950-talet spreidde minken seg raskt langs kysten og vassdraga. Innan 1955 var det registrert villmink i alle fylke på Austlandet, og fram mot 1980 følgde resten av landet etter.

– Dette er ein art vi ikkje klarer å bli kvitt. Han lever og hevdar territorium først og fremst i strandsonene og ved sjøen, men også oppover langs vassdrag. Det som er klart er at mink, det har vi for mykje av, seier miljøvernrådgjevaren.

På jakt: Ein liten fiskebit til lunsj hadde gjort seg.

Ingen fiendar

Og grunnen til det er mellom anna at minken ikkje har naturlege fiendar i norsk fauna, og dermed vert det for mange av dei. Dette går igjen ut over fuglane, då minken har egg og fugleungar som sin favorittrett over alle.

– Det offentlege har til dømes gått inn på øyar og holmar for å ta ut mink. Dette er det einaste dyret i Noreg det er lov å drive heilårsjakt på. Det er det einaste dyret som ikkje er freda i ynglingstida.

Minken er altså svartelista. Det betyr at han utgjer ein stor fare, eller høg risiko, for norsk fauna. Han er rett og slett uønskt.

– Han vert lite jakta på, så vi vert nok aldri kvitt han, trur Selbervik.

Han har sjølv observert mykje mink i Ørsta, på sine turar langs strandsona.

– Vanlegvis er dei mest aktive om natta, men det kan også vere slik at dei har vorte mindre sky enn det som er vanleg, fordi dei får leve i fred.

Oter

Ei oversikt over kor stor minkbestanden er i Noreg, finst ikkje. Det vert berre ført statistikk over felt mink.

Men ein konkurrent om matfatet har minken, nemleg oteren.

– Det er lite fuglar å ete for minken om sommaren, så då jaktar dei fisk, som oteren. No når oterstammen har fått seg ein oppsving, er det konkurranse om maten og der er oteren ein mykje betre jeger, og dei kan også dykke djupare, heilt ned til ti meter. Minken når berre fem meter. Dermed vert det mindre mat til minken, og dei har difor nok vorte noko færre dei siste åra, er Selbervik sin hypotese.

– Og oteren vil vi ha. Han har dei same leveområda som minken, men er også ein naturleg del av norsk fauna.