– Møter vi oss sjølv i døra?, spurde Pauline Vinjevoll (Frp) då Samfunnsutvalet drøfta om kommunen skal ettergi tvangsmulkt på fleire titals tusen kroner for Turid Rønning på Trandal.

Vinjevoll tilhøyrde mindretalet på tre som stemte imot forslaget frå leiaren i utvalet Inge Kolås , også han frå Frp, om å ettergi tvangsmulkta.

– Vi må ta menneskelege omsyn og ettergi gjelda ho har opparbeidd seg på grunn av mulkta, argumenterte Kolås.

Påla søknad

Det spesielle med saka er at tvangsmulkta kom etter at det same Samunnsutvalet påla Turid Rønning om å sende inn søknad om å byggje veg ned til nauset sitt. Slik saka stod då meinte kommunen at vegen alt var bygd, og at det var snakk om eit ulovleg tiltak. Då søknaden ikkje kom innan fristen byrja taksameteret å gå. Det er snakk om 300 kroner dagen i tvangsmulkt sidan august.

Rønning har forklart at det vart store skader på nausteigedomen i Dagmar-orkanen, og at det var naudsynt å sette i verk arbeid for å rett opp att skaden.

Naboklage

Ein nabo klaga og kommunen konkluderte med at det var bygd ein ulovleg veg. Men no har poltikarane kome til at det likevel ikkje var ein veg.

– Saka kom heilt galt ut i forhold til den klagen som kom. Då vi var på synfaring endra eg syn, og eg meiner no at dette ikkje var eit søknadspliktig tiltak, sa Karl Asgeir Sæbønes ( Sp). Også fleire andre sa at dei snudde etter synfaringa.

Sæbønes meinte at administrasjonen i kommunen på eige initiativ burde hatt synfaring på Trandal på eit tiidlegare tidspunkt, for å sjå kva dette handla om. Assisterande rådmann Eldar Øye peika på det paradoksale i saka:

– Utvalet har tiidlegare gitt pålegg om å sende inn ein søknad om å bygge veg, og det vart gjort vedtak om tvangsmulkt. Så de bør grunngje dette godt om de skal ettergi gjelda, sa Øye

– Vi har oppnådd det vi ville. Vi har fått ein søknad om veg. No viser vi menneskelege omsyn, konkluderte Einar Holsvik (H).

Innvilga søknad

Tre stemte imot å ettergi tvangsmulkta, medan sjølve  søknaden om veg vart samrøystes innvilga. Det skjer sjølv om fylkesmannen har tunge innvendingar.

– Tiltaket er øydeleggjande for dei naturgjevne kvalitetane på staden, gir eit stygt sår i landskapet, privatiserer strandsona og gjer det mindre aktuelt å ferdast og opphalde seg der for andre enn grunneigar, er Fylkesmannen referert i sakspapira til Samfunnsutvalet.

Saka er ikkje ut av verda. For fylkesmannen har rett til å klage på vedtaket i Samfunnsutvalet i Ørsta.