I år har elevane samla inn 5.354 kroner, og onsdag vart pengane leverte hos Sparebank 1, og overført til Matharevenner.

– Vi har halde på i adventstida. Vi har hatt ei bøsse på kvart klasserom. Elevane har hatt pengar med seg heimanfrå, og vi har samla inn pengar under juleavslutninga til Åmås friskule, fortel elevane i sjuande klasse. Det er dei som har hatt hovudansvaret for innsamlinga.

Åmås friskule har gjennom fleire år samla inn pengar til Matharevenner, og det har vorte ein fin tradisjon i førjulstida på skulen.

Mathare er eit av verdas største slumområde, og ligg i hovudstaden Nairobi i Kenya. Fleire millionar menneske bur i slummen.