Like etter midnatt vart det meldt om ein uønska gjest ved ein utestad i Volda. Ein mann i 50-åra vart vist vekk frå staden av politiet.

I Ørsta vart eit køyretøy avskilta grunna tekniske manglar natt til laurdag.

Politiet gjennomførte promillekontroll natt til laurdag i Ørsta. 29 bilførarar vart kontrollerte. Ei dame i starten av 20-åra vart teke med til lege etter mistanke om ruskøyring. Ho vart og meld for køyring utan gylding førarkort.