Fleire har nok lagt merke til at det har skjedd forandringar på Vekslet i løpet av dei siste vekene. Det gamle servicebygget vart fjerne i førre veke, og på tysdag vart det nye levert. Med kran vart det heisa på plass tysdag føremiddag, og no står det att litt finpussa før det kan takast i bruk.

– Alle standarar er i vareteke og bygget er universelt utforma, seier kommunegartnar Olav Saure.

Det er Danfo som har levert toalettbygget.

– Olav Stokke har grave tomta for oss. Så har uteseksjonen hjelpt til og drive fram arbeidet. Gamletoalettet reiv vi førre tysdag, seier Saure.

I det nye toalettbygget er det to toalett. Eit mindre toalett og eit større toalett for rørslehemma som også fungerer som stellerom. Det har kome trygt på plass, men det vil framleis ta litt tid før det er fullt operativt.

– Vi fekk kopla det på og testa systemet tysdag, men det er litt utfordringar med å få straum hit. Vi prøvde å få lov til å gå gjennom kulverten med straum, men det har vi ikkje fått lov til. Dermed må vi tilbake til luftspenn. Vi må få leige inn hjelp til vegdirigering når spennet skal opp av E39, og det trur eg ikkje skjer før neste veke. I mellomtida skal vi ordne dei siste detaljane rundt bygget.

Tidlegare har dei offentlege toalett ved Vatnevatnet og på Rjåneset blitt oppgradert. I år stod Vekslet for tur og neste år er planen at toalettet ved Hovdevatnet skal bli fornya.

– Standaren er ganske lik på Vekslet som ved Vatnevatnet og på Rjåneset. Her er god ventilasjon, i tillegg til at det blir ståande varme på. Det er døropnar plassert på veggen som gjer at tilgangen er god og det er eige uttak for drikkevatn på utsida. I tillegg er det godt servicerom for oss skal halde bygget ved like. Dette er eit topp moderne anlegg. På Hovdevatnet vert det same type løysing. Der veit vi ikkje om vi får tilgang på straum. I dag er løysingar med solcelle og vakuumtoalett, og det kan også bli løysinga i framtida.

Kor lenge toalettbygget skal vere ope gjennom eitt år er ikkje fastsett endå.

– Det er ikkje vår oppgåve å dekke opp behovet for E39.