På Moltustranda i Herøy har David Tarberg (18) vore sakna sidan vesle julafta. Mellom dei som har deltatt i leitinga i juledagane er ei gruppe frå Ørsta Røde kors hjelpekorps.

Julafta deltok 14 frivillige frå Ørsta. Første juledag deltok 12 frå hjelpekorpset i Ørsta. Hjelpekorpset har og med seg to båtar.

Også 2. juledag deltok frivillege frå Ørsta, og fleire andre Røde kors-grupper.

Etter ei resultatlaus andre juledag avslutta politiet leiteaksjonen.

- Trass i stor innsats frå frivillege er det ingen funn etter fleire dagar med søk. Det vert jobba vidare i form av etterretning/etterforskning, skriv politiet på Twitter.

Den sakna David Tarberg (18) Foto: Bilete lagt ut av politiet.