Første kvalifiseringskamp til 1. divisjon starta for G16-laga i fotball tysdag kveld. Ørsta tok turen til Sykkylven og fekk ein god start på kvalifiseringa. Sverre Sætre Orten (biletet) gav gjestene leiinga, men vertane utlikna raskt. Skåringar av Sigurd Vartdal og Evan Dyrhol Aambø (2) gav Ørsta leiinga 4–1 Sætre Orten ordna 5-1-leiing før Sykkylven IL/FKS reduserte. Frå straffemerket fastsette Truls Bjørdal resultatet til 6-2-siger for Ørsta.

Langevåg er neste motstandar for Ørsta i Sparebanken Møre Arena 3. februar. 6. februar er Ellingsøy motstandar på Aurstad Arena i Ørsta. Siste kvalifiseringskamp vert spelt mot Brattvåg i Sparebanken Møre Arena laurdag 10. februar.