Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag er tilkjent professorkompetanse i medievitskap. Werenskjold har vore tilsett ved Distriktshøgskulen/Høgskulen i Volda sidan 1992, då han starta som amanuensis.

Werenskjold disputerte i 2012 og då tok han eit oppgjer med fleire myter rundt dei ulike aktørane under 68-opprøret i avhandlinga si. Blant anna har media si rolle blitt overvurdert, ifølge Werenskjold. I tillegg såg han på ulike aviser si dekning av demonstrasjonane, blant anna i Norge, og fant at deira framstilling ikkje var så negativ som den internasjonale forskingslitteraturen vil ha det til, skriv Høgskulen på sine heimesider

Werenskjold har blant anna vore prosjektleiar for prosjekt som Media and Protest/Media and the Cold war, som fekk Fou-prisen ved HVI i 2014.